Startside

 

 

 

org.nr.:  994961764

 

Steindalsetra, hytta til Os Folkedanslag
Hordaland Folkemusikklag
Sogn og Fjordane Folkemusikklag

Os Kommune

 

 

Grautfest i Lyngheimtunet, onsdag 9. desember

kl. 19.00

 

hus_i_sne.gif

Julemesse, kyrkjetunet, laurdag 21.november

 kl. 14.30

hus_i_sne.gif

SpelingLuranetunet, onsdag 4. november,

 kl. 17.30.

 

Bergen ungdomslag Ervingen jubilerer:

 

”Ljom i Bergen”

 

 

Os Spelemannslag startar undervisning på fele

for nybegynnarar,

onsdag 9. september, kl. 17.30 – 18.30

Stad: Os Barneskule

Kontaktperson: Svein Inge Hovland, tlf.:907 62 802

Epost: svein.inge.hovland@online.no

opplaering.jpg

 

 

 

Øvinga på Lyngheim, onsdag 2. september,

er flytta til Os Barneskule

 

Bjørnafjorden Gjestetun, fredag 14. august

 

Marknadsdagane Osøyro 2015

MarknadsdaganeOsøyro2015.jpg

 

 

Jonsok i Mobergsvikjo 2015

IMG_6405 (2).jpg

 

 

Träd in i dansen”

Svensk folkedansmesse i Os Kyrkje

Orkester og Os Spelemannslag

Sundag 31. mai kl. 11.00

 

 

träd in i dansen.jpg

 

 

 

 

Os Spelemannslag og Kvinnherad Folkemusikklag

21.5 – 25. mai 2015 reiste laga til Tórshavn på Færøyane.

 

IMG_4439.JPG

IMG_4415.JPG

 

IMG_4444.JPG

 

IMG_4432.JPG

 

 

17. mai 2015

 

17mai2015.jpg

 

 

 

Øvingsdag med Kvinnherad Folkemusikklag

Laurdag 25. april kom laget frå Rosendal til oss for å øva til turen til Færøyane. I pausen vart vi invitert i røykstovo til Norvald Kobbeltvedt, og fekk servert god mat og gode historier om gamlastovo.

iroeykstovo2.jpg iroeykstovo3.jpg iroeykstovo1.jpg

Tur til Færøyane

21.- 25. mai 2015

 

faeroeyane.jpg

 

 

21. mai reiser Os Spelemannslag i vesterled, til Færøyane, saman med Kvinnherad Folkemusikklag.

 

 

 

God jul til alle i spelemannslaget!

Vel møtt til første samling i 2015, 7. januar kl. 18.30 i Lyngheimtunet.

 

 

Speling for Os Småfiskarlag

Onsdag 3. desember, 2014

Vi møtes kl. 18.45 i Kløvertun

klovertun.jpg 

 

Kvinnherad Folkemusikklag og Os Spelemannslag

Rosendal, oktober 2014

http://d1r9jua05newpd.cloudfront.net/14/c9/i96979220._szw1280h1280_.jpg

Det vart ein god øvingslaurdag i lag med Kvinnherad Folkemusikklag. Det
viste seg at vi hadde mange runddans-melodiar felles, og i tillegg eit par

bygdedans-slåttar. Laget i Rosendal hadde stelt i stand ein skikkeleg god lunsj på

barneskulen, der vi òg øvde saman. Om kvelden var det middag og samspel i ”Snikkeriet”.  

 

 

Tur til Rosendal for å møta Kvinnherad Folkemusikklag

Laurdag 18. oktober 2014

Avreise frå Hattvik kl. 08.55.

Retur frå Årsnes kl. 21.30

 

Laurdag 23. august 2014, var Os Spelemannslag med under
opninga av Lyngheimtunet i Os.

 

lyngheim1.JPG

lyngheim2.jpg

lyngheim3.jpg

 

Vel møtt til årets hundedagssamling 2014

i ”Søymyro” under Svinningen, 22.- 23.august!

Frammøte v/golfhuset i Øvredalen kl. 14.30.

For dei som ikkje kan møta til dette tidspunktet,

er det sett opp ei ny pulje kl.17.00 v/golfhuset. 

Ta med instrument!

UtsiktMotOevredalen.jpg

 

 

Torgdagen i Bergen, 2014

I år vil Os Spelemannslag delta med spel på torget i Bergen,

laurdag 14. juni kl. 12.45.

Frammøte kl. 12.15.

 

 

 

 

 

Sommarfest på Steindalsetra

 

setralitebilde.jpg

Laurdag 31. mai 2014

Kl. 17.00 – 21.00

 

 

Velkomen til fest på setra igjen. I fjor var det 200 års jubileum.

I år blir det vanleg sommarfest med sal av kaffi og kaffimat.

Spelemannslaget spelar til dans og leik.
Siste nytt frå Gråsteinslandet v/Jimmy Øvredal.
Me garanterer for vêret!
Velkomne skal de vera!!

 

 

Årsmøte og øvingskveld i Oseana

Onsdag 19.3.2014, kl. 18.30

 

 

Fin konsert med ”Ludo” i ”Mattiaskjellaren

Her fekk me tonar frå Balkan og Noreg, og publikum sette pris på musikken.

Os Spelemannslag hadde eit par innslag i pausen. 

Kaffi og vafler og god atmosfære!

mattiaskjellaren.jpg

 

 

Konsert  m/LUDO

I ”Mattiaskjellaren”-

Botnevik gard (Bjørkeflaten 15, Os)

Sundag 9. mars 2014, kl. 17.00

ludo.jpg

Åsmund Espeland, kontrabass

Steinar Rygg, hardingfele/fele

Magne Thormodsæter, gitar

 

Norsk folkemusikk og Balkan-rytmar

 

Pris kr. 100,-

Arrangør: Os Spelemannslag

 

 

Speleoppdrag for Os Y’s Men

Kyrkjetunet, tysdag 18.februar 2014, kl. 19.30.

 

 

 

Fellesøving med Kvinnherad Folkemusikklag i Oseana – Kobbavågen

 laurdag 1. februar 2014, kl. 14.00 – 16.00.

Middag på Bjørnafjorden Gjestetun kl. 19.00

 

kvinnheradfolkemusikklag.jpg

Kvinnherad Folkemusikklag

prestegardskogen2013.jpg

Os Spelemannslag

 

 

 

 

Vel møtt til ny øvingskveld 8. januar 2014, kl. 19.00 i Oseana.

jultreblink.gif

God jul!

 

 

Speling for Os småfiskarlag

Onsdag 4. desember 2013

Vi møtes kl. 18.45 i Kløvertun

klovertun.jpg 

 

Haustfest 27. november 2013
Saman med Os Ungdomslag

Stad: Prestegardskogen Kl. 19.00 – 22.00

Kr. 50,-

 

 

Vel møtt til hundedagssamling 2013

i ”Søymyro” under Svinningen, 17. august kl. 15.00!

Frammøte v/golfhuset i Øvredalen kl. 13.30.

Ta med instrument!

 

Jonsok i Mobergsvikjo, 2013

 

Vêret var på sitt mest vestlandske denne kvelden, men opplegget frå arrangørane var heilt topp. Store og varme grillar stod klare, bålet knitra i fjero og scena og lydopplegget var skikkeleg bra. Os Spelemannslag og Durspelsamskipnaden spelte, men dansen var denne kvelden bytta ut med tautrekking og sekkeløp, noko som dei minste gledde seg over storleg.  

Sjå midtsiden

 

Jubileumsfest på Steindalsetra, 25. mai 2013

 

velkomen.jpg

 

Velkomst

 

spelemannslaget2.jpg

 

Spelemannslaget

 

hestpaatunet.jpg

Mange fekk seg ein tur på hesteryggen

 

tilsetersmedhest.jpg

Fjordingen lyttar til Bruremarsj frå Jostedalen

 

 

hyttesjefen.jpg

Hyttesjefen Hildegun Hauge fortel historia om setra

 

 

stubbarpaatunet.jpg

Jimmy les eigne stubbar

 

betasuppe.jpg

Betasuppa frå ”Kysten” smakte godt

 

kvedingpaatunet.jpg

Eirin song og spelte seljefløyte

 

 

spelemannslaget1.jpg

Spelemannslaget

 

betasuppe2.jpg

Matøkt i gamlestova

 

 

 

 

100 års - jubileum Henrik Lyssand - 2012

 

Laurdag 8. september spelte spelemannslaget til dans i Oseana.

Søndag 9. september var det festkonsert.

lyssandjubileum.jpg

 

 

 

Video frå St. Hans-kveld på Midtsiden.no


St.Hans i Moberbergsvikjo
Os spelemannslag spelar kl. 18.00

Våren 2012

Det nye kulturhuset "Oseana", ferdig 2011

Velkomen til øving i det nye kulturhuset Oseana 

(Inngang kulturskulen, rom 109)

 

Dugnad og sommarfest på Steindalsetra

Laurdag 16.juni

Rømmagraut og spekemat

 

 

 

Os musikkforening held nyttårskonsert med Os spelemannslag

Søndag 29. januar 2012

Sjå midtsiden

 

 

"Träd in i dansen"
Svensk folkedansmesse i Oseana
Sundag 26. juni 2011
Eit par frå spelemannslaget var med i orkesteret.
Sjå Midtsiden

 

St. Hanskveld i Mobergsvikjo

Os turlag og Os speiderlag

 inviterte til midtsommarfest for heile familien.

Musikk ved Os spelemannslag og Dursamskipnaden. Sjå nettstaden til Midtsiden.

 

 

 

 

Opningsfesten i Oseana juni 2011


Urframføring av "Osingen"
                                                                                                                                                       (foto: Andris Hamre)

Takk for innsatsen! Det vart eit flott innslag!

 

Øvingstider for dansegjengen frå

Kuventræ skule og Søfteland skule


Kjellarsalen i Fjellheim:

Torsdag   5. mai kl. 19.00 - 20.00
Torsdag 12. mai kl. 19.00 - 20.00
Torsdag 19. mai kl. 19.00 - 20.00

Torsdag   9. juni kl. 19.00 - 20.00

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Oseana: (justerte tider)
Torsdag 16. juni kl. NY TID 19.10 - 19.40
Fredag   17. juni kl. 12.45 -13.15
    Generalprøve kl. 15.30 - 17.30

 

Festforestilling fredag 17. juni kl. 19.00.
Vårt innslag kjem ca. kl. 19.30.
(Det er ikkje fleire billetter for publikum.)

 

 

 

Konsert med "Nye stryken" på Lysøen

Torsdag 9. juni

Frammøte Buena kai: kl 16.40.

Musikarane reiser gratis m/båten - følge betalar kr 60/30(barn).
Publikum forøvrig kan betala seg over frå kl 17.45.


 

Bli med i juniorlaget Elvaosen !

                      

Os spelemannslag inviterer alle som spelar fiolin på kulturskulen til å vera

med i juniorgruppa ”elvaosen”, som er ei gruppe knytta til Os spelemannslag.

 

Stad   :                      Fjellheim, kjellarsalen

Tid      :                     kl. 19.00 – 20.30 kvar torsdag (sjå øvingstider)

 

Os Spelemannslag spelar folkemusikk og tradisjonsmusikk, og
samarbeider elles med Os Folkedanslag.

 

Her vil du lære å spele utan noter, og kanskje vil du få lære deg ein dans også?
Tanken er at du som går på Os Kulturskule og lærer å spela fiolin skal kunne

få litt ekstra opplæring i eit juniorspelemannslag, og at Os-bygda kan rekruttera

unge felespelarar til denne forma for musikk også.

Ta med deg fiolinen din og kom til kjellarsalen i Fjellheim.

Vel møtt!

 

 

Os spelemannslag treng fleire instrument, både hardingfeler og vanleg fele.
Ta kontakt på e-post eller telefon!

 

 



St. Hans på Lyshorn
2010

 

 

I høve Ole Bull 2010 inviterer Os kommune alle til Sankthansfeiring i Ole Bulls ånd. Musikk og dans.
Frammøte: sjå eiga lysing. Det blir sett opp minibuss frå Buena kai frå kl. 17.30.
Ope for alle.

Dato : 23.06.2010

Tid : 19:30 - 23:00

Arrangør : Kultureininga

Stad : Lyshornet


(saksa frå Os kommune si nettside)

Innslag frå Os spelemannslag med gjestespelar





Folkedans frå Estland

Torsdag 3. juni hadde Martin frå Estland kurs for oss i estisk folkedans!

Folkedansfestival i Tallinn i 2009
Folkedansfestival i Tallinn i fjor

 

 

 

 

Os Spelemannslag på kappleik i Jostedalen,

 hausten 2009

Første helga i oktober i år fann Vestlandskappleiken stad i den vesle bygda Gjerde øvst i Jostedalen. Ikkje spesielt rart at spelemønstringa vart arrangert  nettopp her, ettersom folkemusikken står særs sterkt på desse traktene:  Rundt 100 av dei 350 innbyggjarane er medlemmer i Jostedal spel- og dansarlag.

Os spelemannslag var også med. Ikkje som deltakar i kappleiken denne gongen, men for å få med seg musikken og stemninga, og for å spele til dans laurdagskvelden. 11 osingar reiste i meir eller mindre samla flokk nordover og camperte saman i to hytter på Jostedal  campingplass.

 

Historie. Os spelemannslag fyller 50 år i år. Frå Os-soga siterer vi:"I det gamle Os herad var det eit livleg spelemannsmiljø. I dei dagar var det naudsynt å ha spelemann i brudlaup, og dei trulova måtte somme tider venta med giftinga til dei fekk tak i spelemann.” Dette var stoda i Os for hundre år sidan.

Det er imidlertid lite som tyder på at denne speleaktiviteten var organisert i noko lag. Her i Os var det ein liten flokk som spelte hardingfele ved den første "Os-mønstringa" i 1949. Dei står oppført i programmet som "Os spelemannslag". Men desse spelemennene slutta øvingane etter Os-mønstringa.

Til den andre Os-mønstringa i 1959 vart det på nytt spørsmål etter spelemenn på hardingfele til kulturkveldane. 9-10 spelemenn, med Sjumann Askvik i spissen, øvte no spesifikt fram mot nemnde mønstring. Frå no av heldt dei fram med øvingane, også etter Osmønstringa, og ein reknar difor 1959 som skipiingsåret for Os Spelemannslag.

 

Opning ved foten av breen.  Kappleiken 2009 tjuvstarta   fredagskvelden med ein konsert til minne om spelemannen Sjur Hesjevoll.  Den fann stad i den spektakulære Brekatedralen ved foten av Nigardsbreen, som igjen er ein del av Norges største isbre: Jostedalsbreen. Det vart ein strålande konsert, i tillegg til at det var plateslepp.  Den fullsette salen fekk høyra mange gode historiar og mange godord om nemnde folkemusikar.

 Kappleik er eit anna ord for konkurranse, og i dette tilfellet er emnet: Song, dans eller spel. Ein kan melda seg på som lag eller individuelt. På laurdag  konkurrerte musikarar frå  heile Vestlandet etter ein nøye oppsett plan. Dei kom inn på podiet på rekke og rad: Rekruttar, juniorar og seniorar -  og framførte sine danse- , song-  eller speleinnslag.

Flest utøvarar stilte opp i  kategorien  ”Spel på hardingfele for seniorar”. Den som går til topps her får samstundes eit godt skussmål på den  vidare spelemannskarrieren.

Vinnar  her vart  Gro Marie Svidal frå Indre Sunnfjord spelemannslag. I salen sat  eit publikum på rundt 100 + eit domarpanel på tre.  Dei sistnemnde noterte  flittig  etterkvart som spelinga  heldt fram.

Dei fleste  aktørane var åleine.  Særleg merksemd fekk den profesjonelle musikaren  Ingar Ben Nordby,  til dagleg perkusjonist i ”Harmonien”. Ved dette høvet sto han fram som tambur. Dette trommeinstrumentet var svært vanleg i tidlegare tider, t.d. i brullaup.

Ingar Ben Nordby kunne meir enn dette. Han spelte ”Pål sine høner”  og ”Vår Gud han er så fast ei borg”   -   på sag.  

Os spelemannslag stilte ikkje opp i sjølve kappleiken ved dette høvet. Vi reiste til Jostedalen for å sjå, høyra og læra.  Men vi hadde meldt oss på til underhaldning og dans på laurdagskvelden. Og vi hausta mykje lovord for stødig og godt spel. Frå spelemannslaget stilte Olav Hauge, Svein Inge Hovland, Tuva Hovland og Arne Halveg på hardingfele, Steinar Vangdal på trekkspel/gitar og Norvald  Kobbeltvedt på hardingfele/gitar.

Synfaring. Nestor i Os spelemannslag, Arne Halveg, kjem frå desse traktene.  Og søndags morgonen tok han oss med på synfaring til heimplassen sin Halveg, ei lita grend  langt oppe i fjellsida. ”Idag er det bilveg heilt fram, men i min barndom laut all ferdsel til og frå grenda skje til fots. Då eg sju år gammal byrja på skulen, var det som å koma til ei anna verd. Eg hadde aldri sett så mange menneske før….,” fortel Arne. I dag er det Arne sin bror Birger  og kona Kari som eig og driv garden. ”Eg  ventar berre på telefon frå Oddgeir Bruaset  med spørsmål om å bli med i ”Der ingen skulle tru, at nokon ville bu””, seier Birger.

 

Folketonemesse.  Frå garden langt oppe i fjellsida gjekk turen ned att til bygda og Jostedal kyrkje. Folkemusikkmønstringa skulle avsluttast med  folketonemesse.

 

Dette er ei trekyrkje frå 1660, rikt dekorert med bibelske motiv  innvendig, både  på veggar og tak.

Preludium i messa var  ”Brudemarsj frå Jostedalen”, utført av Jostedal Junior-Spelmannslag. Høgmessa inneheldt dei vanlege messeledda, slike som kyrie,  gloria, truvedkjenning og preike. Men innimellom framførte utøvarar  både vokale og instrumentale innslag, alt saman vakker folkemusikalsk drakt.  For underteikna vart postludiummet det musikalske høgdepunktet i høgmessa: Brudemarsj frå Nordfjord og Sogn; to hardingfeler i   samspel med  trekkspel, framført av Håkon Høgemo, Jon Oddvar Kandal og Helene Bolstad. Vakkert og stemningsfullt!

Os neste?  Det er eitt år til neste Vestlandskappleik. Kanskje den då, eller året etter, kan arrangerast i Os, med vårt lokale spelemannslag som vertskap?  Det nye kulturhuset ”Oseana”, med Bjørnefjorden og Folgefonna som kulisser, bør bli ei perfekt ramme kring eit slikt arrangement……

Norvald Johan Kobbeltvedt