Folkemusikk ved Bjørnafjorden

Folkemusikk ved Bjørnafjorden

Laurdag 4. november kl. 19.30. Folkorg er landslaget for alle som er interessert i og driv med folkemusikk og dans. Folkorg er 100 år i år og Bjørnafjorden spelemannslag vil vera med på å markera jubileet. Me byr difor inn til ein heil kveld med Folkemusikk ved Bjørnafjorden.

Les mer
Oppstart hausten 2023

Oppstart hausten 2023

Vel møtt til øvingar på Lyngheim, onsdag 23. august kl. 18.30. Onsdag 30. august vert det slåttespel etter kaffifpausen. Allereie no på laurdag, 12. august kl. 14.00, er det sommarfest på Steindalsetra. Då møtest me på Midstsæter kl. 13.00 og går i lag til Steindalen. Det er meldt bra vêr den dagen, så ta med deg litt mat til korgafesten og sjølvsagt felo. Velkomen!

Les mer
Felemakar Gjerde kjem til Lyngheimtunet

Felemakar Gjerde kjem til Lyngheimtunet

Onsdag 7. juni kjem felemakar Ole Gjerde på besøk til oss i spelemannslaget. Han vil fortelja litt om stell av feler og om arbeidet sitt frå verkstaden sin i Strandebarm. Det er vel verdt å få med seg denne dagen, så møt opp! Onsdag 14. juni kl.18.00, skal spelemannslaget spela på Fjord´n senter i Eikelandsosen. Etterpå blir det øving på Stallabrotet, og dette blir siste øvingskveld før sommarferien.

Les mer
Aktivitetar våren 23

Aktivitetar våren 23

Onsdag 29. mars avlyser me øvinga, for det var så få som kunne koma. Etter det er det påske, så neste øvingskveld i Lyngheim vert onsdag 12. april. I mai har me planar om å setja av ein kveld til å gå gjennom ein del notar og lydopptak frå Arne Bjørndals samling.

Les mer